No kan planarbeidet starta!

Sunnfast er kome eit viktig steg nærmare realisering, etter at dei berørte kommunane har gjort positive budsjettvedtak for 2022.

Dei tre Sunnfast-kommunane Stord, Tysnes og Kvinnherad har no vedteke sine budsjett for 2022 (Tysnes i formannskapet, kommunestyremøte 16.12.), og alle kommunane ber Vestland fylkeskommune om å legga til rette for oppstart av interkommunal kommunedelplan med konsekvensutgreiing for Sunnfast i 2022. Kvinnherad kommunestyre har også vedteke å eventuelt forskottera 1 million kroner til planarbeidet i 2022, noko som betyr at det formelle planarbeidet uansett vil starta opp det komande året. 

Dette er ein viktig milepåle for Sunnfast, og betyr at prosjektet no er eit stort steg nærmare realisering, seier styreleiar i Sunnfast AS, Sverre Olav Handeland. 

Han er glad for det som må kunna kallast ei historisk semje mellom tre sunnhordlandskommunar. 

Eg vil særleg takka ordførarane i Stord og Tysnes for god dialog gjennom hausten, og den nye Kvinnherad-ordføraren for stort engasjement frå første dag etter at ho tok over ordførarklubba i Kvinnherad, rosar styreleiaren. 

Han vil også takka partia bak dei viktige verbalpunkta i dei tre kommunebudsjetta: 

– Det er kjekt å arbeida med eit samferdsleprosjekt når eit breitt politisk fleirtal i alle dei berørte kommunane arbeider aktivt for at prosjektet skal lukkast. Det viser òg, som vi tidlegare har peika på, at regionen kan få til mykje når vi vel å stå samla, seier ein nøgd styreleiar i Sunnfast AS. 

Dagleg leiar Peder Sjo Slettebø opplyser at ein straks etter jul vil be om dialog med fylkeskommunen. 

Med oss i kofferten til Bergen har vi tre krystallklare vedtak frå tre sunnhordlandskommunar som no krev handling, og som er villige til å bidra til at Sunnfast kan realiserast så raskt som mogleg. 

– Selskapet vil snart legga fram ei utgreiing som vil dokumentera samfunnsmessige og økonomiske ringverknadar av Sunnfast, og vi vil også presentera ein grundig finansieringsplan som vi har arbeida med i haust, held han fram. 

Ferjefritt om 10 år?

– Når Statens vegvesen no uttaler at både Rogfast og Hordfast kan opnast i 2031, meiner vi det er realistisk å ha som ambisjon at Sunnfast skal opna same år. Då har vi ni år på oss, og med den offensive haldninga som kommunane og lokalpolitikarane no viser, er det ingen grunn til at vi lenger skal betrakta dette som eit prosjekt som er «langt fram i tid», er den krystallklare meldinga frå styreleiaren. 

Peder Sjo Slettebø ser fram til det vidare samarbeidet med kommunane: 

– Det har vore løfterikt med den gode drahjelpa vi har fått frå ordførarar og sentrale lokalpolitikarar. Prosessen med interkommunal kommunedelplan er ein omfattande og tidkrevjande prosess, men eg er samd med styreleiaren i ambisjonen om opning i 2031 når ein no har fått på plass desse budsjettvedtaka. Kommunedelplanen skal i tillegg til endeleg trasé også avklara viktige omsyn til natur- og kulturmiljø, og løysingar for mellom anna seglingslei. Det blir ein veldig spennande prosess som vi ser fram til å følga, seier Slettebø. 

Han minner om at det er stort engasjement i næringslivet for Sunnfast. 

– Dei største industribedriftene i regionen er med, og vi har ei rekke små- og mellomstore bedrifter i heile regionen som bidrar til arbeidet. Som ringverknadsanalysen vi snart skal legga fram vil visa, er Sunnfast eit prosjekt som har positive ringverknadar for heile det regionale næringslivet, men ikkje minst også for det offentlege sine moglegheiter til å driva gode tenester for alle. 

Handeland og Slettebø peiker på at Sunnfast AS har sentrale bidragsytarar også på Haugalandet, og synest derfor det er på sin plass å sitera den legendariske FKH-trenaren Jostein Grindhaug når dei no skal beskriva vegen vidare: 

Det er berre å peisa på!