Sunnfast er eit ferjeavløysingsprosjekt som vil gjera vegen mellom Husnes og Leirvik ferjefri, i tillegg til å knyta Huglo saman med Tysnes og Kvinnherad.
Med Sunnfast blir reisetida mellom Leirvik og Husnes redusert frå 85 til 22 minutt, i tillegg til at vegen vil vera døgnopen.
Sunnfast saman med nye E39 Hordfast vil kutta reisetida mellom Husnes og Bergen frå nær tre timar i dag, og heilt ned til rundt éin time.
Ferjesambanda Ranavik-Skjersholmane og Hodnanes-Nordhuglo vil bli avløyst av tre bruer. Ei lågbru frå Tysnes til Skorpo, deretter ei høgbru over Laukhamarsundet frå Skorpo til Huglo, og vidare med flytebru frå Huglo over Husnesfjorden til fastlands-Kvinnherad.
Sunnfast vil opna store moglegheiter for folk og næringsliv i Sunnhordland. Verdiskapinga vil auka, og kvardagen vil bli enklare og betre for dei som bur her.
Sunnfast AS er eit pådrivarselskap som er eigd og støtta av regionalt næringsliv, og har som føremål å arbeida for ei raskast mogleg realisering av prosjektet. Til grunn for arbeidet ligg rapporten “Sunnfast – moglegheitsstudie”, som i 2020 blei utarbeida av Multiconsult på bestilling frå kommunane Stord, Tysnes og Kvinnherad.
På denne sida har vi lagt opp viktige publikasjonar. Sjå også Facebook-sida vår for oppdateringar.