Hydro: Sunnfast vil opna heilt nye moglegheiter

STERKARE SAMAN: Hovudtillitsvald ved Hydro Husnes, Ørjan Normann (f.v.), fabrikksjef Ingrid Guddal ved Hydro Karmøy og hovudtillitsvald ved Hydro Karmøy, Sten Roar Martinsen, er klare på at dei to Hydro-fabrikkane i regionen blir sterkare saman med Sunnfast.

Sunnfast AS møtte fabrikksjef og tillitsvalde ved Hydro-fabrikkane i regionen til ein prat om Sunnfast. Bruprosjektet vil føra til at dei to fabrikkane kan samarbeida tettare om både folk og produksjon, men både fabrikksjefen og dei tillitsvalde er enige om at Sunnfast vil gi dei ein heilt ny kvardag også på privaten.

KARMØY: ­– Eg har alltid vore vendt mot Bergen, men når eg no har jobba fire år på Haugalandet, har eg verkeleg fått augene opp for regionen, seier Ingrid Guddal frå Rosendal i Kvinnherad. 

Guddal er for tida fabrikksjef ved Hydro Karmøy, og pendlar i dag den to og ein halv time lange reisa mellom familiegarden heime i Kvinnherad, og fabrikken ved Håvik på Karmøy. 

–  Haugalandet har fantastisk mykje å by på innan næringsliv, kultur og fritidstilbod, reklamerer ho. 

Midt mellom garden og arbeidsplassen til Guddal, ligg dessutan Hydro Husnes. Dei to fabrikkane har lange tradisjonar som hjørnesteinsbedrifter i lokalsamfunnet. Men trass den relativt korte avstanden i luftlinje, er reisetida mellom arbeidsplassane i dag på over to timar. 

– Hadde vi hatt kortare reisetid mellom fabrikkane, kunne vi ha samarbeida mykje meir om både kompetanseutveksling og produksjon, seier Ingrid. 

FABRIKKSJEF: Ingrid Guddal frå Kvinnherad er fabrikksjef ved Hydro Karmøy, og pendlar den i dag over to timar lange reisa. – Eg har verkeleg fått augene opp for alt Haugalandet har å by på, smiler ho.

Dei to Hydro-fabrikkane er derfor blant bedriftene som no støttar arbeidet med Sunnfast-prosjektet i Sunnhordland. Ved å erstatta det lange ferjesambandet Skjersholmane – Ranavik med eit brusamband frå Kvinnherad til Stord – via Huglo og Tysnes – vil reisetida mellom hjørnesteinsbedriftene bli meir enn halvert. I tillegg kan ein køyra når ein vil, og det blir lettare å bu i alle delar av storregionen Haugalandet og Sunnhordland. 

Nye moglegheiter

Saman med fabrikksjef Guddal møter vi hovudtillistvald ved Hydro Karmøy, Sten Roar Martinsen, og hovudtillitsvald ved Hydro Husnes, Ørjan Normann, til ein drøs om kva eit vegprosjekt som Sunnfast vil bety, både for fabrikken og for dei som privatpersonar. 

– For oss i Kvinnherad har det alltid vore snakk om å koma seg til Bergen, og vi har ein tendens til å gløyma at Haugalandet har veldig mykje å by på, meiner husnesbuen Ørjan. 

– Når du ruslar rundt i Haugesund så er jo byen full av plakatar med kjekke ting som skjer på kulturfronten. Men vi går liksom glipp av det, held han fram.  

Etter mange år som tillitsvalde saman, har Martinsen og Normann blitt gode vener. 

– Eg er jo ein del i Sunnhordland og brukar kulturtilbodet der, men eg hadde jo gjort det mykje oftare dersom det var enklare å reisa dit.  Eit ferjefritt samband som Sunnfast vil opna heilt nye moglegheiter både innanfor arbeidsliv, kultur og fritid, meiner karmøybu Sten Roar.  

Viktig framtidsretta infrastruktur

Dei tre Hydro-tilsette sit med kvar sin kaffikopp og pratar om alle hindringane dei møter i ein ferjeavhengig kvardag. Alt frå fotballtreningar og konsertopplevingar til handleturar og arbeidsreiser blir meir komplisert, og ferjene er uansett ein stressfaktor i kvardagen. 

Men kva er den viktigaste effekten av Sunnfast for arbeidsplassane dykkar? 

– Det viktigaste er jo at reisetida blir kortare, og at det rett og slett blir mindre avstand frå fabrikkport til fabrikkport, seier Sten Roar, og får støtte frå dei andre. 

– Vi driv i ein bransje der det begge stader periodevis kan toppa seg med arbeid. Viss ein har ein topp på den eine staden, hadde det blitt mykje enklare å hjelpa til med folk frå den andre, forklarer Sten Roar, og tar eit eksempel: 

– Viss du bur nord i Haugesund eller i Sveio, vil det jo med Sunnfast bli omtrent den same reisetida til Husnes som til Karmøy. Då kan ein for eksempel bidra på begge plassane, samstundes som ein sjølv har moglegheit til ein meir variert arbeidskvardag, meiner han. 

Ørjan peiker på at Hydro konkurrerer internasjonalt, og at alt som kan bidra til å redusera kostnadar og tidsbruk vil vera med på å trygga arbeidsplassane i Norge. 

– Dess nærmare vi er kvarandre fysisk, dess meir effektive blir vi, slår han fast. 

Her er det med andre ord eit stort potensial viss ein samanliknar med dagens situasjon. 

– Optimalisering og effektivisering er blant det vi kan styra sjølve, og som har direkte påverknad på konkurransekrafta vår, seier fabrikksjef Ingrid. 

DRØS: Sten Roar Martinsen (f.v.), Ingrid Guddal og Ørjan Normann tok seg tid til ein prat om kva Sunnfast vil bety for arbeidsplassane deira. Men også kvardagen vil bli lettare med ferjefrie vegar.

Alle meiner derfor det er viktig at storsamfunnet legg til rette ved å bygga framtidsretta infrastruktur som Sunnfast. 

– No kjem dessutan Rogfast, og så kjem Hordfast. Det vil verkeleg opna opp for næringslivet og skapa ein heilt ny arbeidsmarknad. Alt vil enkelt og greitt bli mykje meir tilgjengeleg. Når Sunnfast også kjem, vil nok folk i Kvinnherad oppdaga at det er mykje meir i sør enn det vi hadde trudd. Bergen er vi jo veldig godt kjende med frå før, trur Ørjan.  

– Vi ser jo at vi også må vera stadig lenger framme i skoa dersom vi skal få tak i dei beste folka. Betre infrastruktur vil gjera det veldig mykje lettare for oss å rekruttera, og ikkje minst vil det vera enklare å samarbeida om for eksempel læringar. Både Hydro Karmøy og Hydro Husnes er jo store lærebedrifter, fortel Sten Roar. 

– Hydro vil produsera mest mogleg med minst mogleg miljøavtrykk, og til lågast mogleg kostnad. Alle fem Hydro-verka i Norge samarbeider tett, men viss vi fysisk kan koma nærmare kvarandre ved hjelp av vegprosjekt som Sunnfast, er det klart at vi kan ta samarbeidet mykje lenger, sluttar kvinnhering og fabrikksjef på Karmøy, Ingrid Guddal.