Under eit møte Sunnfast AS nyleg hadde med stortingskandidatar for Hordaland Framstegsparti, spurde stortingsrepresentant Helge André Njåstad om det var avklart kor mykje Sunnfast-prosjektet vil utløysa i såkalla ferjeavløysingsmidlar.
Vestland fylkeskommune sendte tidleg i 2021 ein søknad til regjeringa vedrørande dette, men det var så langt ikkje kome noko svar då Njåstad spurte. Stortingsrepresentanten nytta difor høvet til å senda eit skriftleg spørsmål til kommunal- og moderniseringsminister Nicolai Astrup (H). Spørsmålet frå Njåstad gjer at ein no har fått på bordet eit førebels og grovt utrekna overslag.
Statsråden svara at ein legg til grunn nedlegging av ferjestrekningane Skjersholmane – Ranavik og Hodnanes – Nordhuglo. Det førebels utrekna overslaget viser at Sunnfast ville fått ei utbetaling på 46 millionar kroner i 2021.
Ferjeavløysingsordninga er forbetra ei rekke gonger dei siste åra, og gjeld no i inntil 45 år. Dette betyr at Sunnfast per i dag vil utløysa eit tilskot på om lag 2 milliardar kroner frå ferjeavløysingsordninga. Dette er eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet, og Sunnfast AS arbeider no mellom anna med korleis ein total finansieringspakke for prosjektet kan settast saman.