Sunnfast AS er etablert

Sommaren 2021 går tunge aktørar i næringslivet i Sunnhordland og på Haugalandet saman om etablering av pådrivarselskapet Sunnfast AS. Selskapet har som føremål å arbeida for raskast mogleg realisering av det ferjefrie vegsambandet Sunnfast, som skal knyta Kvinnherad saman med nye og ferjefrie E39 Hordfast.

Styreleiar i selskapet er Sverre Olav Handeland fra Kvinnherad. Resten av styret består av Anne-Grete Sandtorv (Stord), Gunnar Bakke (Bergen/Tysnes), Lena Vermedal (Tysnes), Håkon Røstbø (Kvinnherad) og Kjell Fylkesnes (Stord).

Styret har tilsett tidlegare Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø som dagleg leiar i Sunnfast AS.

Eigarar og bidragsytarar kan du sjå oversikt over heilt nede på denne sida.

Historikk

Ideen om eit ferjefritt samband mellom Stord og Kvinnherad via Huglo og Tysnes er ikkje ny. Men i 2015 føreslo Dagfinn Fylkesnes frå Stord – i samband med Statens vegvesen si aust/vest-utgreiing – at den såkalla «armen til Bergen» fra E134 Haukelivegen burde gå gjennom Kvinnherad, og koplast saman med den planlagde E39-traseen over Langenuen og Bjørnafjorden. Dette vil i så fall vera eit riksvegprosjekt, som dermed må finansierast av staten.

Ideen til Fylkesnes fekk stor støtte i det lokale næringslivet, og kort tid etter etablerte ei rekke næringslivsaktørar i Sunnhordland selskapet Sunnhordlandsdiagonalen AS. Føremålet med dette selskapet var å arbeida for at regjeringa skulle bestilla ei konseptvalutgreiing (KVU) for armen til Bergen.

Samstundes pågjekk diskusjonen om innkorting av dagens ferjesamband mellom Skjersholmane og Ranavik (Stord og Kvinnherad). Lokalisering av ferjestø på begge sider av fjorden har heilt sidan tidleg på 2000-talet skapt debatt i regionen, og dei folkevalde i kommunane har til dags dato ikkje klart å bli samde om kor dei framtidige ferjekaiane burde plasserast.

Medan denne debatten pågjekk, og regjeringa i tillegg var avvisande til å bestilla KVU for armen til Bergen, blei ideen om eit internsamband i Sunnhordland – via delar av den same traseen som Sunnhordlandsdiagonalen – realisert som eit alternativ til ferjesambandet Skjersholmane – Ranavik. Eit slikt prosjekt vil i så fall koma inn under Vestland fylkeskommune sitt ansvarsområde, og såleis få status som eit fylkesvegprosjekt.

Moglegheitsstudien

Tanken om eit ferjefritt samband fekk stor oppslutnad i Sunnhordland, og i 2019 tinga kommunane Stord, Tysnes og Kvinnherad ei moglegheitsstudie for eit slikt samband. Dette blei gjort i forståing med samferdsleavdelinga i Vestland fylkeskommune.

Framsida på moglegheitsstudien til Multiconsult viser den aktuelle traseen frå Kvinnherad via Huglo og Tysnes.

Studien blei overlevert av Multiconsult hausten 2020, og kan lesast her.

I forkant av at studien blei tinga, hadde både næringsliv og fagrørsle lagt press på kommunane for å få gjort ei studie av prosjektet. Parallelt arbeidde både kommunar, næringsliv og fagrørsle aktivt for at regjeringa skulle velga det sørlege kryssingsalternativet over Langenuen for nye E39 Hordfast.

Samlar kreftene

Stor var derfor gleda i Sunnhordland då regjeringa like før kommunevalet 2019 kunngjorde at det sørlege kryssingsalternativet var vedteke. Med dette trasévalet legg ein til rette for ei historisk videreutvikling av samferdsla i Sunnhordland, med Sunnfast som eit naturleg neste steg.

Selskapet Sunnhordlandssambandet AS har gjennom mange år arbeidd for realisering av bru over Langenuen. Når regjeringa no har vedteke det sørlege kryssingsalternativet, var det naturleg at dei to pådrivarselskapa Sunnhordlandssambandet og Sunnhordlandsdiagonalen gjekk saman om å etablera eit felles selskap. Det er dette som er bakgrunnen for at Sunnfast AS no er etablert.

Det nye, felles pådrivarselskapet vil arbeida for at føremålet til begge dei to tidlegare selskapa blir videreført.

Etter at moglegheitsstudien hausten 2020 vart handsama i kommunestyra i Stord, Tysnes og Kvinnherad, blei det gjort nær likelydende vedtak i alle kommunane om at ein ønskte å arbeida vidare med prosjektet.

Etter Sunnfast AS si meining er det nesten historisk, og svært positivt, at dei tre kommunane no er så samstemde i kva samferdsleløysing ein i fellesskap ønsker for framtida.

Vegen vidare

Sunnfast-prosjektet slik det ligg føre i moglegheitsstudien, er avhengig av at E39 Hordfast blir realisert som planlagd. Det er derfor svært viktig at Hordfast ligg inne i ny Nasjonal transportplan 2022 – 2033. Sunnfast AS forventar at regjeringa som tiltrer etter stortingsvalet hausten 2021, følger opp denne planen.

Samstundes arbeider Sunnfast AS for at alternativet Sunnhordlandsdiagonalen skal utgreiast som eitt av fleire alternativ for den framtidige armen mellom Bergen og E134. Våren 2021 blei det klart at det var fleirtal på Stortinget for å bestilla KVU for denne strekninga. Arbeidet med KVUen er no påbegynt, og er forventa overlevert til Samferdsledepartementet i 2023.

Det er likevel eit klart krav frå næringsliv i Sunnhordland og på Haugalandet at Sunnfast må realiserast uavhengig av armen til Bergen. Dagens samferdsleløysingar med ferje og båt gjer at det regionale næringslivet tapar konkurransekraft. I tillegg er dagens samferdsleløysingar svært kostnadskrevjande for Vestland fylkeskommune, som har ansvaret for drifta av ferje- og snøggbåttilbodet.

Ein region som er avhengig av ferjer og båtar kan dessutan ikkje tilby tilstrekkeleg mobilitet og fleksibilitet for innbyggarane, noko som medfører at regionen tapar konkurransekraft mot meir sentrale område på både Vestlandet og elles i Noreg.

Med den gjeldande ferjeavløysingsordninga er det stort potensial for å erstatta ferjesamband med faste vegsamband. Sunnfast kan realiserast som eit fylkeskommunalt ferjeavløysingsprosjekt, finansiert med ein kombinasjon av ferjeavløysingsmidlar for ferjesambanda Skjersholmane – Ranavik og Nordhuglo – Hodnanes, bompengar og andre kjelder. Ei viktig oppgåve for Sunnfast AS blir å arbeida for ulike finansieringsløysingar som vil bidra til at prosjektet kan realiserast.

Selskapet sitt første delmål er at prosjektet kjem inn i komande Regional transportplan 2022 – 2033, som skal handsamast og vedtakast i Vestland fylkesting i desember 2021. Planforslaget er for tida ute til offentleg høyring.

I første omgang arbeider Sunnfast AS for at kommunane i Sunnhordland – saman med næringslivet og fagrørsla i regionen – skal vera mest mogleg samstemde i høyringsuttalane som skal sendast til fylkeskommunen hausten 2021.